BokkeReidars BluesBand skal ut og spele "Julebokk" dette året óg. Med seg på tur denne gongen har dei den svenske fantomorganisten Palle Wagnberg.
Meir moro frå BokkeReidars BluesBand og Palle "Groove" Wagnberg
Sommaren 2009 spelte BokkeReidars BluesBand på Sunndalsøyra (Sunndal kulturfestival) saman med "Artist in residence" Palle "Groove" Wagnberg. Det vart ein svett og flott kveld.
Ingen av partane var framand frå tanken om å gjere dette igjen - og denne jula skjer det altså. Merittlista til Palle er lang - men dei fleste kjenner han nok frå kvartetten The Real Thing.
3. juledag (27. desember) vert det julebokk på Rokken i Volda og 4. juledag (28. desember) får Rica Parken i Ålesund besøk.
Sjekk ut Palle på youtube: http://www.youtube.com/watch?v=jeIYn6K8rxA