Nok ein gong full klaff på Bale Jazz!

Fredag 7. mai spelte Bokkane på Natthuset i Balestrand under BaleJazz 2010. To gongar tidlegare har bandet vitja denne festivalen (2001 og 2005) og dette er jobbar som guttane i bandet hugsar godt. Denne kvelden vart eit nytt godt minne.

Med store namn som Thomas Dybdahl, Datarock, Terje Rypdal, The Real Group og mange fleire var det duka for ein flott festival i den vesle idylliske bygda Balestrand. BokkeReidars Bluesband var òg på plass og spelte folket inn i mot natta på Natthuset fredagen under festivalen. Stemninga var høg og spelegleda stor. Dette var tredje gongen gutane vitja festivalen og ein får berre håpe det skjer igjen i framtida. Sogn Avis var der og dekte konserten - her er det som vart skrive om BokkeReidars:

 

 

 

Klaus Blø @ Bokkereidars // 11.05.10

Gunnar i fin driv på Natthuset.

Gunnar i fin driv på Natthuset.