Ny plate i 2008!

BokkeReidars Blues Band er i gong med ny plate.

"En time til" var BokkeReidars Blues Band si tredje plate. Dersom du er ein av dei som set pris på platene som har kome - kan du byrje å gle deg til nummer 4. Den er på veg!


Plata "Ein time til" frå 2004 var starten på BokkeReidars Blues Band sitt nye liv som bluesband med norske tekstar. Tilbakemeldingane var særs gode og ute på vegen fungerte bandet som aldri før. Gutane i bandet er derfor i gong med nytt materiale, og det er planen at ei ny plate skal sjå dagslys i inneverande år.
Ein del låtar har allereie blitt prøvd ut gjennom øving/speling, men alt er ikkje på plass enno. Når medlemmane er spreidde over heile landet (Volda, Hamar, Lillehammer, Bergen og Oslo) så er det heller ikkje alltid lett å få logistikken med på lag. Men no er iallefall hjula i gong - og informasjon om framdrifta vil du finne her.