Laurdag 20. juni var BokkeReidars BluesBand så heldige at dei fekk spele ein heil kveld saman med Palle "Groove" Wagnberg og hans Hammond B3... Det vart ein flott kveld.
Sunndal Kulturfestival 20. juni 2009 - BokkeReidars BluesBand m/Palle Wagnberg.
For dei fleste er Palle mest kjent for sitt arbeid saman med Sigurd Køhn og Staffan-William Olsson i bandet "The Real Thing". I tillegg til å reise mykje rundt i landet med dette prosjektet så kjenner mange dei óg frå mykje speletid på TV2. Han er eit unikum på instrumentet sitt og sjølv om han spelar mykje og ofte så er det tydeleg at han held på med akkurat det han har lyst til. Under festivalen var han ein såkalla "Artist in residence" - noko som tyder at han var festivalen sin "husmusikar" og spelte med mange ulike prosjekt.
Sjekk ut Palle på youtube: http://www.youtube.com/watch?v=jeIYn6K8rxA
Søndagen under festivalen spelte han òg med eitt av sine eigne prosjekt: Paul Wagnberg Unit Trio. Denne trioen vil forhåpentlegvis bli å sjå på jazzklubbar rundt heile landet mykje i tida framover.
Teltet i sentrum av Sunndalsøra var særs godt bebudd denne kvelden og stemninga var upåklageleg.
Ivar Kvangardsnes, Svein Hunnesm Gunnar Solheim, Klaus Blø, Palle Wagnberg, André Folkestad, Terje Hanssen og Trond Johnsen